Side:Salmar og aandelege songar.djvu/46

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest



Der inne bur Guds eigen Son
I herlegdom og æra,
Han er mi trøyst og trygge von.
Hjaa honom eg skal vera.

Eg er ein fatig ferdamann,
Maa mine vegar fara
Herfraa og til mitt fedraland,
Gud meg paa vegen vara!

Kristus:
Eg med mitt blod deg dyrt hev løyst
Og fram for deg vil treda,
Eg giv ditt hjarta mod og trøyst
Og vender sorg til gleda.

Er du meg tru og bruka vil
Guds ord og sakramente,
Di synd er gløymd, di sorg vert still,
Di heimferd glad du vente!

Naar verdi all som drivesand
Med gull og gleda viker.
Daa stend eg ved di høgre hand,
Ein ven som aldri sviker.

Kristenfolket:
Eg fatig hit til verdi kom
Og rann av ringe røter,
Fer herifraa med handi tom,
Og daudens vald meg møter.