Side:Rikets tilstand 05.djvu/6

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

NATO til fredsoppdraget den Afrikanske Union har i Darfur.

Irak passerte i januar 2005 ein milepæl, då valet til mellombels nasjonalforsamling blei halden i samsvar med tidsplanen fastsett av FN i resolusjon 1546. Regjeringa har støtta opp om FNs rolle i dette arbeidet. Den norske bistanden til Irak er kanalisert gjennom FN, Verdsbanken og ei rekkje humanitære organisasjonar, mellom dei fleire norske. Nokre norske stabsof fiserar har teke del i den fleirnasjonale styrken i britisk og i polsk sektor. Noreg har også delteke med instr uktørar i opplæringa av dei irakiske tryggingsstyrkane i NATO-regi, og drive opplæring av irakiske polititenestemenn i Noreg.

Noreg har i dag eit personell på om lag 360 i den NATO-leidde tryggingsstyrken ISAF i Afghanistan. Noreg over tok leiinga av eit regionalt stabiliseringsteam i det nordvestre Afghanistan i september 2005. Sommaren 2005 blei det utplassert norske spesialstyrkar for tredje gong i Afghanistan som eit ledd i kampen mot terrorisme. Afghanistan er samarbeidsland i utviklingssamanheng. Den norske støtta er i 2005 om lag 300 mill. kroner. Inntil 10 norske politioffiserar og tre dommarar har frå hausten 2005 teke del i opplæring innanfor afghansk politi og rettsvesen.

I juli 2005 avløyste eit norsk etter retnings- og analyseelement den norske helikopter vengen i NATO-styrken KFOR på Balkan. Noreg deltek også med stabsof fiserar og eit liaisonlag i EU-operasjonen i Althea i Bosnia og med stabsoffiserar i NATO-hovudkvar teret i Makedonia, Kosovo og Bosnia.

Regjeringa har vedteke ein ny handlingsplan mot menneskehandel for perioden 2005–2008.

Regjeringa har ført vidare ein aktiv europapolitikk. Det er gjennomført ei rekkje tiltak for å styrkje samordninga i for valtninga og i dialogen med ikkje-statlege aktørar med utgangspunkt i den europapolitiske plattforma til Regjeringa.

Regjeringa har halde fram med arbeidet for best mogleg tilgang for norsk laks til den europeiske marknaden. Den norske laksenæringa og Kommisjonen blei einige om at minstepris skal erstatte mellombels antidumpingavgifter fram til 22. januar 2006 etter at Regjeringa gav uttrykk for at Noreg var budd til å klage antidumpingtiltaka inn for Verdshandelsorganisasjonen (WTO).

Forhandlingane i WTO har halde fram det siste året med sikte på å oppnå semje om hovudelementa i ei endeleg avtale i samband med den 6. ministerkonferansen i WTO i Hongkong i desember 2005. Vi arbeider for å sikre våre offensive interesser – særleg når det gjeld spørsmål om lågare toll på industrivarer og fisk, betra marknadstilgang på tenesteområdet og å gjere det vanskelegare å misbruke antidumpingtiltak. Samtidig arbeider vi for å bevare handlingsrom til å føre ein nasjonal landbr ukspolitikk som gjer det mogleg å føre vidare eit levedyktig landbruk.

EFTA har per i dag tredjelandsavtaler med 14 land. Regjeringa aukar satsinga på frihandelsavtalene innanfor EFTA. Omsynet til samla norsk verdiskaping blir i størst mogleg grad lagt til grunn for det vidare arbeidet med handelsavtalene og ved val av nye avtaleland innanfor EFTA.

Gjennom Schengen-samarbeidet har Regjeringa teke del i drøftingane om felles utfordringar som er knytt til blant anna migrasjonskontroll, grensekontroll og ulike former for grenseoverskridande kriminalitet.

Regjeringa har i 2005 også prioritert oppfølginga av FN-toppmøtet i Johannesburg om berekraftig utvikling og den vidare satsinga på områda vatn, energi, landbruk og biomangfald.

Regjeringa har i år teke initiativ til at det blir etablert ein internasjonal frøbank på Svalbard som kan vere med på å sikre den plantegenetiske arven i verda.

Yrkesdeltakinga i Noreg er blant dei høgaste i verda. I 2004 var 72,6 pst. av alle nordmenn i alderen 16 til og med 74 år i arbeid eller søkte arbeid.

Ved utgangen av 2004 var verdien på Statens petroleumsfond 1011,5 mrd. kroner. Marknadsverdien av fondet har auka til 1184 mrd. kroner fram til utgangen av 2. kvartal 2005. Av denne auken skuldast 101 mrd. kroner netto over føringar til fondet frå løyvingsrekneskapen. Den gjennomsnittlege oljeprisen fram til utgangen av august var på 52,5 USD eller 335 kroner per fat, og