Side:Rikets tilstand 05.djvu/7

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

den 31. august var oljeprisen på 66,6 USD eller 427 kroner per fat.

Noregs BNI var i 2004 på 1695 mrd. kroner. Det tilsvarer ein auke på 7,9 pst. frå året før. Verdiskapinga i Fastlands-Noreg, målt med veksten i bruttonasjonalproduktet i faste prisar, auka med 3,5 pst. frå 2003 til 2004 ifølgje førebels nasjonalrekneskapstal. Det var ei noko svakare utvikling i samla BNP enn i fastlands-BNP i 2004 som følgje av lågare vekst innanfor oljeverksemda og utanriks sjøfart.

Driftsbalansen over for utlandet viste eit overskott på 228 mrd. kroner i 2004. Det er over 27 mrd. kroner høgare enn i 2003. Noregs nettofordringar over for utlandet auka med 254 mrd. kroner i 2004.

I første halvår i år var eksport- og importverdien av tradisjonelle varer etter tur 12,5 og 9,3 pst. høgare enn i same perioden i fjor.

Konsumprisindeksen auka med 0,4 pst. frå 2003 til 2004, mens prisveksten utanom energi og avgiftsendringar var 0,3 pst. i den same perioden. I første halvår i år låg konsumprisane 1,3 pst. høgare enn i same perioden i fjor, mens auken justert for avgiftsendringar og utanom energiprisar (KPI-JAE) var på 0,9 prosentpoeng.

Produksjonen av petroleum som kan seljast, nådde i 2004 ein ny topp. Det blei produsert i alt 264 mill. Smm³ oljeekvivalentar (o.e.) olje, gass og våtgass. Det er 1 mill. Sm³ o.e. meir enn i rekordåret 2003. Olje, medrekna NGL, stod for 70 pst. av volumet, med ein produksjon på 3,2 mill. fat o.e. per dag. Auken var innanfor produksjonen av gass, medan oljeproduksjonen var lågare i fjor enn tidlegare år.

To nye felt, Skirne og Kvitebjørn, blei sette i produksjon i 2004.

Verdien av olje- og gasseksporten var i 2004 i underkant av 340 000 mill. kroner. Det er om lag 20 pst. høgare enn i 2003. Nettokontantstraumen til staten frå petroleumsverksemda var i fjor 203 000 mill. kroner.

Ved tildeling i førehandsdefinerte område blei i 2004 til saman 28 utvinningsløyve tildelt 21 selskap. Gjennom ei utlysing av 64 blokker i Barentshavet og Norskehavet i den 19. konsesjonsr unden er grunnlaget lagt for ny aktivitet og verdiskaping i nord.

Den samla elektrisitetsproduksjonen var i 2004 på 110,1 TWh, mens elektrisitetsforbruket var på 121,5 TWh.

Gassnova, som har som oppgåve å fremje innovasjonsverksemd for miljøvennlege gasskraftteknologiar, blei oppretta 1. januar 2005.

Olje- og energidepartementet og Samferdselsdepartementet la i august 2005 fram ein strategi for satsing på hydrogen som energiberar innanfor transport og stasjonær engergiforsyning.

I 2004 gav Noregs vassdrags- og energidirektorat og Olje- og energidepartementet nye vasskraftkonsesjonar som til saman vil gi ein årleg produksjon på om lag 600 GWh. Av dette utgjer løyve til små kraftverk om lag 270 GWh.

Ei supplering av Verneplanen for vassdrag blei vedteken i Stortinget i februar 2005. Verneplanen består no av nærare 390 objekt, med eit samla kraftpotensial på om lag 44 TWh. Ved behandlinga av verneplanproposisjonen vedtok Stortinget å opne for konsesjonsbehandling av mikro- og minikraftverk i verna vassdrag.

Forsvaret har i 2005 vidareført omstillingsprosessen. Nedbemanning og reformering av personellstrukturen i Forsvaret går etter planen. Det er over ført ressursar frå støtteverksemd til operativ verksemd. Moderniseringsplanen for Forsvaret blir følgd opp, og arbeidet gir resultat. For ytterlegare å styrkje den operative evna til Forsvaret held effektiviseringa av logistikk- og støtteverksemda fram.

Bygginga av nye fregattar er det største investeringsprosjektet som pågår i Forsvaret, og den andre fregatten av Fridtjof Nansen-klassa blei som planlagt sjøsett i Spania i mai i år.

Stortinget behandla i juni stortingsmeldinga om forsking.

Kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping er auka med 3,2 mrd. kroner i 2005, til 36 mrd. kroner.

Det er utvikla ein strategi for forskings- og teknologisamarbeidet med Nord-Amerika.

På Svalbard er det opna eit nytt marinlaboratorium til bruk for forsking.