Side:Rikets tilstand 05.djvu/5

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Som ein del av Kunnskapsløftet, reforma i grunnopplæringa, er det utarbeidd ny fag- og timefordeling og nye læreplanar i alle fag i grunnskolen og i fleire fag i vidaregåande opplæring. Det er sett i verk eit monaleg kompetanseløft for skoleleiarar, lærarar og instr uktørar.

Det er i 2005 gjennomført ei brei markering av at det i år er 100 år sidan unionen med Sverige blei oppløyst. I tillegg til den sentrale markeringa av stortingsvedtaket 7. juni 1905 er det gjennom året halde ei rekkje sentrale og lokale ar rangement med stor oppslutning.

*********

I byrjinga av september var orkanen "Katrina" årsak til store tap av menneskeliv og enorme materielle øydeleggingar i USA. Som uttrykk for solidaritet med offera og assistanse til amerikanske styresmakter har Regjeringa løyvt 10 mill. kroner til hjelpearbeidet. Noreg stilte i tillegg eit fartøy til disposisjon gjennom NATO til transport av nødhjelpsutstyr frå Europa til USA.

Det transatlantiske samarbeidet er ein berebjelke i norsk utanriks- og tryggingspolitikk. Regjeringa er derfor oppteken av å halde oppe eit nært og godt forhold til våre allierte og ser det som viktig at USA held fram med å vere aktivt engasjert i NATO.

Regjeringa har lagt vekt på aktivt å støtte opp om denne utviklinga for å styrkje den politiske dialogen i alliansen og samarbeidet mellom NATO og FN, EU og andre internasjonale organisasjonar. Regjeringa har hatt ein god dialog med EU om utanriks- og tryggingspolitiske spørsmål og ført vidare arbeidet for stabilitet og reformer på Vest-Balkan. I arbeidet med vidare integrering av landa i regionen i det euroatlantiske samarbeidet har ein særleg lagt vekt på reformer innanfor tryggingssektoren.

Noreg har frå 2008 inngått avtale om å delta i ein svenskleidd nordisk innsatsstyrke, som kan stillast til rådvelde for EU og bidra til å styrkje evna til krisehandtering i FN. Med ein revidert avtale med USA om førehandslagring av amerikansk militært materiell i Noreg er vår krisehandteringsevne ytterlegare styrkt.

Regjeringa har arbeidd aktivt for å setje Europarådet betre i stand til å fremje demokrati, godt styresett og respekt for menneskerettane.

Samarbeidet med Russland har i inneverande år blitt ytterlegare styrkt gjennom ei rekkje besøk på politisk nivå. Samarbeidet er særleg omfattande i nordområda, og besøket til statsministeren i Moskva la eit godt gr unnlag for ei ytterlegare styrking av dette, særleg når det gjeld utsiktene til eit nært partnarskap med Russland på petrolumssektoren i Barentshavet.

Atomtryggingssamarbeidet er blitt ein viktig del av det bilaterale forholdet mellom Noreg og Russland. Regjeringa har styrkt dette samarbeidet, der Noreg held fram med å spele ei viktig rolle som pådrivar for inter nasjonal innsats og koordinering. Regjeringa har ført vidare arbeidet med å fremje demokratiske og marknadsøkonomiske reformer i Sør-Kaukasus, Sentral-Asia og Moldova. Noreg har aktivt støtta dei nye styresmaktene i Ukraina.

OSSE har framleis ei viktig rolle å spele i utviklinga av stabile demokrati, og Regjeringa har derfor teke aktivt del i reformprosessen.

Regjeringa har følgt opp det sterke engasjementet for fred og forsoning. På Sri Lanka har Noreg i perioden særleg arbeidd for å få på plass eit apparat som er i stand til å handtere den humanitære bistanden i etterkant av tsunamien, og medverka til ei vidareføring av våpenkvila. Ein har også søkt å hjelpe partane med å finne grunnlag for å ta opp att dei formelle forhandlingane. På Filippinane har Noreg halde fram med arbeidet som tilretteleggjar av fredsprosessen mellom regjeringa og kommunistrørsla i landet. Noreg har vidareført det aktive arbeidet for fred og konfliktløysing i Afrika.

I Sudan støtta Noreg, USA og Storbritannia i fellesskap aktivt partane under heile fredsforhandlingsprosessen som leidde fram til ei fredsavtale. Noreg har fått ei leiande rolle i arbeidet med å setje avtala ut i livet og arrangerte i april ein internasjonal givarkonferanse. Noreg støttar den FN-leidde styrken i Sudan med obser vatørar, stabspersonell og sanitet. Noreg har også sagt seg villig til å utplassere norsk personell i NATOs kommandostruktur i samband med støtte frå