Side:Rikets tilstand 04.djvu/11

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Det er lagt fram ein odelstingsproposisjon med framlegg om å gi innvandrarane rett og plikt til norskopplæring og samfunnskunnskap.

Lov om introduksjonsordning for nye innvandrarar tok til å gjelde som ei obligatorisk ordning for kommunane frå 1. september 2004. Formålet med lova er å gjere det lettare for nye innvandrarar å få delta i yrkes- og samfunnslivet.

Regjeringa har gjennomført ei rekkje tiltak for å redusere talet på asylsøkjarar og effektivisere saksbehandlinga av utlendingssaker.

Kommunal- og regionaldepartementet og Kommunenes Sentralforbund har gjennom eit samarbeidsprosjekt invitert alle kommunane i landet til å vurdere om kommunegrensene deira er tilpassa framtidige utfordringar.

Fylkesmannsembeta har fått ei meir aktiv rolle i arbeidet med å stimulere til omstilling og modernisering i kommunane.

Frå januar 2004 er det sett i gang ei rekkje forsøk med kommunal oppgåvedifferensiering og forsøk med einskapsfylke.

Regjeringa oppnemnde i mars 2004 lokaldemokratikommisjonen. Kommisjonen skal finne forklaringar på kvifor lokaldemokratiet ser ut til å vere svekt og peike på tiltak som kan styrkje det.

Effektutvalet leverte rapport i januar 2004. Utvalet har analysert verknadene av den statlege innsatsen i vid forstand for regional utvikling og distriktspolitiske mål.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms, som vart behandla i Stortinget i mai 2004. Det følgjer av meldinga at tiltakssona skal vidareførast.

Regjeringa sette i februar 2004 ned eit utval som skal sjå på kva handlingsrom EØS-avtala og ESA-retningslinjene gir for nasjonale verkemiddel innanfor distrikts- og regionalpolitikken.

Som eit ledd i å gjere plan- og bygningslova enklare er det frå 1. juli 2004 innført reglar som inneber at kommunar må betale tilbake byggjesaksgebyr når dei ikkje held fristen på 12 veker for behandling av byggjesaker ikkje.

Det er oppnådd semje med prosessindustrien om eit opplegg som sikrar monalege utsleppsreduksjonar av klimagassar frå norsk industri. Delar av utsleppsreduksjonane skal skje innanfor eit nasjonalt kvotesystem frå 2005.

Regjeringa har innført ei refusjonsordning som er knytt til avgifta på dei sterke klimagassane HFK og PFK. Systemet vil samla sett redusere bruken av desse gassane og stimulere til innsamling for gjenvinning og destruksjon.

Regjeringa har oppretta nasjonalparkar i Junkerdalen, Dovre og Skarvan og Roltdalen. Det er oppretta 19 nye landskapsver nområde, 55 nye naturreservat, 13 nye fuglefredingsområde, ett plantefredingsområde og 8 biotopver nområde. I tillegg er 26 tidlegare verneområde utvida og av dei er 3 nasjonalparker. 23 nye friluftsområde er sikra, og av dei er 18 strandområde.

Regjeringa har lagt til rette for at nasjonalparkane i større grad kan gi grunnlag for verdiskaping ved å oppheve det generelle forbodet mot kommersiell turisme i vernevedtektene for nasjonalparkane Saltfjellet/Svartisen, Reisa og Jotunheimen.

Det er sett i gang eit samarbeid med Norges Skogeierforbund om frivillig skogvern.

Søknaden frå Noreg til UNESCO om å føre opp Vegaøyane på den prestisjetunge Verdsarvlista er teken til følgje.

Stortingsmeldinga om kulturminne var varsla i 2004. Meldinga vil bli lagt fram i vårsesjonen 2005.

Stortinget har behandla meldinga Rovdyr i norsk natur. Det blir lagt opp til for valtning gjennom regionale rovviltregionar med eigne nemnder, klare nasjonale mål for bestanden, betre samordning av landbr ukspolitiske og miljøpolitiske verkemiddel og eit nytt erstatningssystem for husdyr og tamrein.

For å styrkje arbeidet med oppr ydding i forureina sjøbotn er det oppretta eit breitt samansett nasjonalt råd for for ureina sediment.

Gjennom ei endring i avfallsdefinisjonane i forureiningslova har næringslivet fått ansvaret for å ta hand om alt eige avfall.

Ny lov om rett til miljøinformasjon tok til å gjelde 1. januar 2004. Frå same tidspunkt sette Regjeringa ned ei klagenemnd som skal behandle klager over avslag på innsyn hos private bedrifter.

Innsatsen mot mobbing i barnehagar, skolar og fritidsmiljø er styrkt gjennom arbeidet med <span title="Manifest" style="color:#00A000" alt="Manifest">Mani-