Side:Rikets tilstand 04.djvu/12

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


fest mot mobbing, og arbeidet skal førast vidare. Innsatsen blir evaluert, og lokale prosjekt viser klare positive verknader.

Innsatsen mot barnepornografi og anna uønskt innhald på Internett har vore omfattande, mellom anna gjennom tiltaksplanen Barn, unge og Internett og internasjonalt samarbeid.

Noregs oppfølgingsrapport til FNs spesialsesjon om barn vart sendt over til FN i februar 2004.

1. januar 2004 over tok statlege styresmakter det overordna ansvaret for familievernet og dei oppgåvene innanfor barnevernet som fylkeskommunane tidlegare hadde ansvaret for. Denne reforma var eit ledd i arbeidet med å styrkje den faglege utviklinga av tenestetilbodet, betre den økonomiske styringa av verksemda, betre samarbeidet mellom forvaltningsnivåa og sikre auka fagleg støtte til kommunane.

Regjeringa la i juni fram ein odelstingsproposisjon for Stortinget med framlegg om at sambuarar med felles barn automatisk skal få felles foreldreansvar når farskapen er erkjent og foreldra har skrive under ei sambuarerklæring.

Regjeringa har med verknad frå 1. oktober 2003 innført eit nytt bidragsregelverk. Etter det nye regelverket skal ein ta utgangspunkt i kva det kostar å forsørgje barnet, og denne kostnaden skal fordelast mellom foreldra i forhold til inntektene deira. Det blir også teke omsyn til kor mykje samvær den bidragspliktige har med barnet og bidragsevna til den bidragspliktige.

Forbodet mot røyking på serveringsstader tok til å gjelde 1. juni 2004.

Stortinget har vedteke ny lov om matproduksjon og mattryggleik. Den nye lova regulerer alle forhold i samband med produksjon, bearbeiding og distribusjon av innsatsvarer og næringsmiddel, medrekna drikkevatn, all br uk av innsatsvarer og alle forhold som gjeld plante- og dyrehelse.

Frå 1. november 2003 vart det lov å selje visse reseptfrie legemiddel utanom apotek, noko som har gjort det lettare å få tak i desse legemidla.

I januar 2004 vart det oppretta eit nasjonalt reseptregister for legemiddel.

For å styrkje beredskapen mot verdsomfattande influensaepidemiar er det inngått avtale om å opprette eit beredskapslager av legemiddel mot influensa. Vidare skal det gjerast avtale om ei garantiordning for leveranse av vaksinar.

Opptrappingsplanen for psykisk helse 1999–2006 (2008) er følgd opp i tråd med intensjonane i Stortinget.

Stortinget har vedteke endringar i lova om pasientrettar som gir pasientane rett til behandling privat eller i utlandet når retten til behandling innan ein fastsett frist ikkje er oppfylt. I tillegg er retten til fritt å velje sjukehus utvida.

Det er stadig kortare ventetider og færre som ventar ved sjukehusa. Ventetida for dei som har motteke behandling eller utgreiing er vorten redusert med 14 pst. frå 1. tertial 2003 til 1. tertial 2004.

Nasjonalt kunnskapssenter for vald og traumatisk stress er oppretta i 2004 for å auke kunnskap og kompetanse i alle delar av hjelpeapparatet som skal ta seg av valdsutsette og andre traumatiserte grupper. Flyktningar er ei særskild målgruppe for den auka innsatsen.

For å sikre betre vern for jenter som kan bli utsette for kjønnslemlesting, har Stortinget vedteke endringar i lova om kjønnslemlesting.

Stortingsmeldinga om kvalitet i dei kommunale pleie- og omsorgstenestene er følgd opp gjennom eit forpliktande samarbeid med Kommunenes Sentralforbund. Eit betre harmonisert lovverk for dei kommunale helse- og sosialtenestene er under utgreiing og framlegga frå Regjeringa til enklare og meir rettferdige brukarbetalings- og finansieringsordningar har vore på høyring.

Regjeringa har lagt fram ei utgreiing om rusmiddelsituasjonen og om tiltak for å forebyggje og behandle rusmiddelproblem.

Regjeringa har sett i verk rusreforma i tråd med intensjonane i Stortinget.

Regjeringa har gjort framlegg til revisjon av alkohollova.

Oppfølginga av tiltaksplanen mot fattigdom har i 2004 mellom anna omfatta ei ytterlegare styrking av arbeidsretta tiltak for langtidsmottakarar av sosialhjelp og innvandrarar og auka innsats for å skaffe alle ein stad å bu.

Pensjonskommisjonen la fram rapporten sin i januar 2004, og rapporten har vore på høyring.