Side:Rikets tilstand 04.djvu/10

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


gjennomfører EØS-reglar som har til formål å styrkje stillinga til finansielle kreditorar.

Regjeringa har vedteke at det skal gjelde sentrale retningslinjer om karantene og saksforbod for embets- og tenestemenn som går over i ny stilling utanfor staten. Formålet med retningslinjene er å hindre at private aktørar får tilgang til sensitiv og strategisk viktig informasjon om statlege verksemder.

Regjeringa har vedteke ei målsetjing om at det i fem prosent av alle statlege nytilsetjingar dei to neste åra skal vere personar med nedsett funksjonsevne.

Statskonsult er frå 1. januar 2004 omdanna til eit heileigd statleg aksjeselskap.

I oktober 2003 vart det oppnemnt eit utval som mellom anna skal vurdere finansiering av dei politiske partia og verksemda til folkevalde grupper.

Stortinget har slutta seg til framlegget frå Regjeringa om at pionerdykkarane skal få oppreising og økonomisk kompensasjon.

Regjeringa la i desember 2003 fram stortingsmeldinga Et velfungerende arbeidsmarked. Stortinget drøfta meldinga og slutta seg til ho våren 2004.

Regjeringa har følgt opp erklæringa frå partane om å vidareføre intensjonsavtala om eit meir inkluderande arbeidsliv, m.a. gjennom nye sjukmeldingsreglar. Som ein del av det vidare arbeidet med avtala vil partane auke innsatsen mot mobbing i arbeidslivet.

Det partssamansette Arbeidslivslovutvalet la fram innstillinga si i februar i år, og innstillinga har vore på omfattande høyring.

Regjeringa har komme med framlegg til den første delen av ei ny straffelov. Framlegget legg til rette for ein streng reaksjon mot dei som gjer seg skuldige i alvorleg eller omfattande kriminalitet. Samtidig blir ei human og fleksibel straffeforfølging ført vidare.

Regjeringa har lagt fram ein handlingsplan mot vald i nære relasjonar for perioden 2004–2006.

Regjeringa har lagt fram ein handlingsplan mot økonomisk kriminalitet.

Regjeringa har oppretta Politiets utlendingseining, som er ei ny nasjonal eining i politiet som skal effektivisere arbeidet med asyl og utlendingssaker.

Arbeidet med politireforma er ført vidare.

Regjeringa har sendt på høyring framlegg om korleis politiet kan få betre metodar for å forebyggje kriminalitet.

Regjeringa har oppnemnt eit utval som skal vurdere endringar i reglane om DNA-profilar til bruk i straffesaker.

Stortinget har vedteke framlegget frå Regjeringa om å styrkje rettane for foreldre til barn som er døde som følgje av straffbare handlingar. Den straffeprosessuelle stillinga til fornærma og pårørande skal styrkjast ytterlegare, og Regjeringa har derfor sett ned eit utval som skal foreslå lovendringar om det.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om samfunnstryggleik og sivilt-militært samarbeid. I meldinga blir det greidd ut om totalforsvaret i lys av endringar i trusselbiletet og moderniseringa i Forsvaret, og det blir gitt ei oversikt over tryggingstiltak innanfor ulike samfunnssektorar.

Etter framlegg frå Regjeringa har Stortinget vedteke ei ny organisering av den sivile rettspleia på grunnplanet og at uomstridde krav skal kunne tvangsinndrivast utan at fordringshavaren først må bringe saka inn for domstolane.

Stortinget har vedteke endringar i tomtefestelova, mellom anna om innløysing av festetomter og regulering av festeavgifta.

Stortinget har vedteke reglar som opnar for at det blir oppretta prøveordningar med sprøyterom for stoffavhengige.

For å styrkje redningsberedskapen på Svalbard vart det inngått ein ny kontrakt om leige av helikopterteneste på øygruppa som gjeld frå 1. april 2004. Avtala omfattar to helikopter med avansert redningsutstyr.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om erstatningsordning for krigsbarn og erstatningsordningar for romanifolket/taterar og eldre samar og kvenar som ikkje har fått den skolegangen dei har hatt krav på.

Stortinget har etter framlegg frå Regjeringa oppretta Romanifolkets fond, som er ei kollektiv erstatning for dei overgrepa romanifolket/taterane er vortne utsette for.