Side:Per Sivle - Sogor.djvu/9

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

hyttor bygde og grov me oss baade her og der burtetter. Kyr og geiter dreiv me drift etter drift heim av fraa elvgranden; der var det nøgdi av fine kusle-steinar; og hestar stod me heller ikkje i beit for — deim spikka me sjølve. — Dei eldre gutarne, vissa han Salamon Røysi, hadde tidt og traatt freista gjera ugreida millom oss so me kunde koma til aa slaast; men ja menn vart det liti lika for umaken dei der fekk! At me tvo kunde vera anna enn gode bussar, det sveiv oss visst aldri korgje.

— No ja, som me daa stend der med handi i broklumma og bisnar burte i tunet paa Vindheim, han Sjur-Ola og eg, der veit me kje ordet av fyrr det kjem ei stormannsgjenta trippande beint bust innpaa og gjev seg til aa prata. Eg minnest henne enno so ljos livande; ung var ho og bleik var ho, smal um midja som du skulde set ein kvefs, og so med eit heilt røyve av svart krullut haar kring hovudet.

Men inkje ordet til svar fekk ho, og det av den gode grunnen at me ikkje forstod eit einaste mukket ho sa. Han Ola saag paa meg, og eg saag paa honom; so stakk eg sleikjefingren i munnen, og so gjorde han det same; og der stod me.

Det kann no endaa raaka den skripnaste det, aa kjenna seg klumsa naar han stend framfyre ei ung væn gjenta; og visst er det, at eg ofte sidan paa mi livsferd naar tilhøvet var det same, heldt paa fara plent like eins aat.

Nei, kor ho daa log! — og fine kvite tenner hadde ho, det saag eg —. Tok ho so til aa svalla paa nytt lag, peika og gjorde minor alt det ho berre vann hitta paa. Og so skyna me daa seint um