Side:Per Sivle - Sogor.djvu/8

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

solskin, steikjande heitt i vêret og so turt i vegen, at den graabrune dumba stod høgt etter kvar kjerra som køyrde.

Burte paa Vindheim hadde folk det annsamt den dagen. Jau, for det var kome eit heilt fylgje med storfantar og fentor — kvar dei no var ifraa — som skulde hava fire, fem hestar og kjerror i skyts. — Og der fór dei og flaug alle desse, taut og buldra og skreik, so det snaudt nok til manne-maal var høyrande, dragsa og drog paa kistor og byltar og alt det som til kunde vera. Han gamle Ola Vindheim sprang med sine krokute kne i sylvspente skinnbroki kring millom deim, greidde og rettleidde alt han vann. — Medan dei tvo einaste som i denne kavande mylska enno saag ut til aa kunna taka verdi nokolunde med tol, var granneguten og jamaldringen min, han Sjur-Ola, og so eg sjølv; og eg heiter no Per, eg.

Eg var lett um hjarta og lett paa foten den tid, — som inkje under var; eg hadde inkjevetta aa syta fyre. Skjorta og den vesle skinnbroki med boti paa høgre kneet var alle dei plaggi eg paa kroppen hadde, so det skulde just ikkje tyngja so stort det heller.

Han Sjur-Ola er no longe faren til Amerika han, ja. Han var ikkje meir enn attan aar dengong han gifte seg og strauk av garde. Vaarherre maa vita um han enno liver og hugsar meg. — Han var den beste venen min i denne verdi. So gode vener var me endaa til, at alt det me hadde aatte me ihop, var tvo um det. Og eg skal tru det var ikkje so reint lite me aatte heller; uppe i urdi rudde me oss den eine glupe garden etter den andre, og hus og