Side:Per Sivle - Sogor.djvu/10

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

sidan at det nok var meiningi me skulde stad leita uppatt eitkvart ho maatte ha mist paa vegen uppyver. — Jau, det var me viljuge til paa timen. Og burtetter la me so dumba rauk um dei berre solbrende leggjerne vaare.

Like ved Vindheim svingar postvegen kring ein stor rund haug, medan ein snarveg sting tvert yver. Dit fram var me komne daa me høyrde det ropa attum oss: „Benveien! Benveien!“

Benveien? — kva var det for noko?

Jau, det maatte vel vera det same som „beine vegen“ det, meinte han Sjur-Ola, og tok foten fat aa nyo.

Men kor det so bar til, anten no eg var litevetta meir maal-gløgg, eller ein ande kviskra meg noko i øyra, nok er det, augneblinken etter fór eg kilande snarvegen upp. Og der, øvst paa haugen, kom eg frampaa ein fin klut eller noko sovore, som eg straks skyna var det eg skulde hava tak i.

Den som vart fegen var eg!

So attende i tanande spranget.

Gjenta ho vart no so blid som ei smørøskja ho, maavita, daa ho fekk kluten sin att, klappa den raude runde kinni mi med den fine kvite handi si, og sa at eg var „en sød rask lille dreng“, — det einaste av pratet hennar eg med naudi forstod.

Og so var det daa at ho i finningsløn gav meg triskillingen.

De maa no ikkje tru det berre var ein slik ein som triskillingar var det flestalle. Sjølv hadde eg aldri i mine dagar maken set, og han gamle Ola Vindheim og sønerne hans, han Knut og han Jens, sa for seg det same, endaa so mangfelde skillingar