Side:Per Sivle - Sogor.djvu/83

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

til dess eg naadde kaldsinnet; daa vart eg lognare og hemnhard.

— Det var i eit faamælt storlæte eg synte meg daa han Nils sidan um dagen heldt seg innaat meg og venta, som eg kunde skyna, aa finna eit ope venehjarta for lukka si.

Han vart standande lite bisna paa meg, undren og uviss. So med eitt seig der honom som ei skodda nedyver andlitet, taarorne tok til aa blenkja um kvarmarne, og dei sorgalt bedande augo hans syntest meg fortelja, at han forstod kva som bila meg.

Eg var like paa nippet skjemmast og lata alt vera godt. Men daa reita det meg upp aa nyo verre enn alt anna, dette at han truleg skyna kva det var for tankar eg gjorde meg.

So truga eg meg sjølv til aa vera tydleg og gladvoren. Og eg tok ikkje i miss at eg snart hadde han heiltupp roa att.

— Ja, no fekk me sjaa.

— Og det varde berre til dagen etter fyrr det rauk hol paa den ilskesvullen som eg gjekk med i hjarta.

Den nye skulemeisteren høyrdest vanleg so smerende søt i maalet; og det var kome meg for øyra, at felagarne hans paa seminarien hadde gjeve honom hædenamnet ”Søteprimen”.

No ja, me hadde um Esau og Jakob i bibelsoga den dagen.

„Lindser?“ segjer skulemeisteren, „veit de kva det er for noko?“

„Søteprim,“ kviskra eg.

„Søteprim!“ svara han Nils høgt og trygt — som han jamt var van naar han svara etter kva eg kviskra.