Side:Per Sivle - Sogor.djvu/84

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Skulemeisteren spratt ende upp burte paa golvet.

„Jau, no skal du faa smaka søteprim!“ fór han i, med eit mæle som skalv og skar av sinne.

Og han til med baae nevarne hednelugga han Nils so tennerne hakka og haari fauk, drog han sidan fram paa golvet og stelte han upp burte i peiskraai.

„Men — — han Per — — sa det,“ gret stakaren.

„Er det sant, Per?“

Eg skjemdest so eg kjende eg vart gloande raud daa eg svara: „nei!“

Det gjekk som ein skugge yver andlitet hans Nils med same, det var som drog andlitsdragi seg ihop og storkna; og graaten stogga han med ein einaste gong.

„Ja so, du vil ljuga i skulen og, din tatertamp!“

No vart det buskestrok paa nevarne til dess dei var raude som blod.

Inkje eingong det knatt i guten.

Sidan laut han standa med soplingen millom henderne, til timen var ute og me fekk middagskvildi.

So vilde han ganga sin veg; men skulemeisteren meinte nei.

— No hadde eg daa fenge hemn. Men det skal vera visst at eg kjende meg alt anna enn fornøgd; eg kunde ha gjeve mykje for aa faa gjort vera ugjort.

Noko stormannsleg stiv og stutt — som det vonde samvitet gjerne syner seg naar det hev aalmannameiningi paa si sida — gjekk eg umsider stad baud han Nils mat.

Han ikkje eingong svara.

Eg forstod han vanvyrde meg, og eg kjende han