Side:Per Sivle - Sogor.djvu/82

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Visste eg fleire?

Ja, — fedrelandskjærleik.

Um eg kunde nemna eit døme?

Og eg kom daa fram med Olav den heilage.

Aa ja, det var vel nok, tok presten frami. Men hadde eg ikkje høyrt gjete honom som lét seg sprengja i lufti nede i Kjøgebugt?

Jau daa, jau daa?

Kva var det so han heitte?

Han heitte — — han heitte — — —. Nei, aa nei som det trega meg at eg ikkje var kar koma paa namnet endaa det laag meg paa tunga!

Um nokon av dei andre visste det?

„Ivar Huitfeldt?“, svara han Nils med same.

„Det var bra, guten min!“ tok presten i, gjekk stad strauk han nedetter haaret, — medan andlitet hans Nils skein og log av lukka.

— Eg totte det vart so myrkt inne i stova; eg kjende som seig bringa mi full med graastein, og eg var like ved gjeva graaten laus.

Men so skar det yver i sinne; du og du so etande harm eg vart!

Den fantesleikja! — — hadde eg kann henda ikkje sjølv fortalt han det for nokre vikor sidan! — — Og no sat eg der til spott og spe for baade presten og dei hine, — det var takki! — — — Ja ja, bia no! bia no!

— Flugestyngen var vorten svull, og svullen alt vorten grøn i toppen.

— Det betre samvitet mitt mælte imot. Guten hadde daa ikkje anna gjort enn svara paa det presten spurde. — Men eg skunda meg setja dott i den bjølla, berre sat arga meg upp meir og meir