Side:Per Sivle - Sogor.djvu/81

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


— Flugestyngen kjende eg, men heller ikkje vidare.

Og mot han Nils var eg den same, kann henda endaa raustare, samstundes med at eg tok til aa nøyta meg meir med lesingi.

Daa hende det eg ein kvelden lydde paa at skulemeisteren og han far sat svalla.

„Ja, der sit eit makelaust hovud paa den Nilsen,“ sa skulemeisteren; „aldri hev eg funne eit betre. Han kunde naa høgt, han, var det ikkje for kostnaden si skuld.“

Det stakk meg i hjarta so det gjorde vondt.

— Flugestyngen trutna.

Det er mest som eg fæler at fraa mi sida var samlivet sidan noko kaldare.

Endaa eg veit eg stræva imot. Det var daa berre bra det, sa eg med meg sjølv, at guten hadde gode gaavor. Og hadde Vaarherre gjeve deim, var det vel meiningi dei skulde brukast og. So det var Gud til vilje eg gjorde naar eg var han Nils hjelpen, og det kunde daa ikkje verta meg til meinka.

Men korleis det no var, visst er det, eg var ikkje lenger so forhippen paa aa raaka han, kvar gongen eg hadde vore stad til huslæraren.

Eg kom samstundes og til aa nemja som aldri fyrr kor ulidande ufysi ho var den lukti av klædi hans; og naar eg tenkte paa den lusi — uhh! so totte eg det var mest uraad hava sovore ved sida.

— Men so var det i slutten av februar at presten kom heldt skuleeksamen.

Det høvde seg so i yverhøyringi, at skulemeisteren bad meg rekna upp ymse slagi av løyveleg kjærleik. Og det greidde eg flust; det var den til Gud, den til medmenneskja og den til oss sjølve.