Side:Per Sivle - Sogor.djvu/72

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


— Og han far aldri fekk vita dusti, han, daa han kom heimatt um kvelden.

Han Nils fekk munaleg baade i sekken under bringa og sekken paa ryggen fyrr han gjekk.

Men eg gløymer ikkje kor audmjukt takksamt han saag meg inn i andlitet daa eg skildest med han burte ved grindi.

Det sveiv oss visst ikkje i tankar daa at me sidan skulde koma til aa hava so mykje oss imillom.

II.

For det gjekk so at fylgjet vart verande der i reppen.

— Uppe i Seimslidi, paa lag ein fjordungs veg ifraa folk, ligg ein liten plass heiter Harkahaugen; der hadde ingen butt sidan ho gamle Synneva kom i legd.

Og den skarve røykstova der fekk so han Anton leigt seg.

Han var rokkesvarvar og massingsmed, og elles paa tatervis kunnig til noko av kvart.

Og tateren var han fraa ende til annan. Eg hugsar honom som ein lang skonkute rekel, med blaasvarte haarluggen vaksen nedyver laage skallen, brungul i skinnet, med augo som var halvt dulde under augneloki og laag glimde som gloande kol; jamnast skjegla dei undan og til sida, same vegen skeive nasetippen peika; og tunga gjekk honom i munnen verre enn ein kvernekall.

Kjerringi hans, ho Birta, var sterkvaksi og lumsig, heiltupp ljot, so skrukkute og vesegul i andlitet som eit gamalt utmjølka ku-jur. Det var ikkje