Side:Per Sivle - Sogor.djvu/73

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

til aa taka i miss at ho var av reine taterslaget, ho og.

Dei hadde tvo smaaborn, ho Tina og han Elias — ei triaars gjenta og ein aarsgamall gut.

Og so var det han Nils. — Han var ikkje lik dei hine han. Haaret var paa lit som bleikraud oska, hudi ljos, skallen høg og klaar; der laag ei driva av brune freknor yver kinnknutarne og den kvasse, lint bøygde nosi, og munnen og hoka var so fint skorne som nokon deim vilde sjaa.

Det einaste ved honom som gav minne um taterblodet var den brennande, skiftande liten i augo; men augnelaget var godt og truvore, endaa so bljugt og so skræmt. Smaalaaten og sakt var han allstødt; naar han tala høyrdest det som aat han noko av ordi sine i seg att, og maalet hadde gjerne eitkvart attaat som ei rikting nede i halsen. Det var fyrst daa me vart umfram vel kjende eg kom etter, at røysti hans kunde vera baade fager og sterk. — Av vokster var han reint ein kjempekar, breid yver aksler og rygg, og godt og vel eit halvt hovud høgre enn eg, endaa han var ikkje vidare enn ein maanad eldre.

Det var ikkje berre søte dagarne han hadde, stakar. Med mat og klæde fekk det ganga som det kunde; men svolt og frost og stryk var der jamnan nøgdi av. Ute med tiggarposen laut han strjuka bygdi kring, um vêret og føret var aldri so gale. Sume gav honom gjerne flust, so mykje heller som han aldri kunde faa munnen upp til aa beda; og vissa var no ho mor serlaga med han. Men andre lét honom ganga sin veg att so snaud han var komen, naar han hadde stade ei rid innantil døri.