Side:Per Sivle - Sogor.djvu/71

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

ikkje ordet av fyrr kirna var velt, loket ifraa, og rjomen fløymande kvit og feit utyver golvet.

Sanselaus tok eg laupet, so kirningi spruta og skvatt meg um leggjerne, ut i gangen, upp paa koveloftet, — og han Nils etter.

Jau, der høyrde me ho mor koma.

„Nei, aa nei, desse gutungarne, desse gutungarne!“ skreik ho.

Det var henne vandelaust sjaa rjomefaret etter oss paa nabbarne veggen upp.

„So det er der de er, skarvarne!“

— Inkje ein knyst.

„Ja ja, bia berre til han far din kjem, so fær daa du Per ditt; og fantetraven kann no lita paa han skal i lensmannsholet, han.“

„Gud trøyste og betre meg! — det er likso godt eg spring i fossen straks,“ hiksta han Nils so hjartesaart at det var kjøvande aa høyra.

Eg kjende som ein varm straum stiga meg upp fyre bringa. — „Mor,“ sa eg, „det var eg som gjorde det.“

„Aa, eg tenkjer endaa de var like gode um det baae tvo.“

„Nei, skuldi var mi — — og du skal faa alle skillingarne mine — — og eg skal vera so lydug og beinkesam — — og du kann gjerne faa lov lugga meg og — — berre, berre du ikkje vil gjeta det til han far!“

„Ja kom daa ned att, tjonsungar!“ sa ho; men eg høyrde paa maalet at det verste med henne alt var yver.

No bar det til aa ausa rjomen upp, turka og fli. Dei som stod seg paa leiken det var grisen og han Passupp.