Side:Per Sivle - Sogor.djvu/67

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


„Du kjem ikkje inn! Du kjem ikkje inn!“ skreik eg honom imote.

„Er du galen, gut!“ sa han, treiv meg i armen, kasta meg til sides og gjekk paa.

Men aldri fyrr fekk han dørglytten upp fyrr hunden innanfyre sette i med ei forfælande gøying og kom dundrande mot døri, just som han far snøgga seg slaa henne i att.

„Men ... det er daa vel aldri ...!“

„Aa jau, jau!“ skreik eg, „det er han Hall! Men du maa ikkje gjera han noko! — kjære far, du maa ikkje...!“

„Salamon!“ ropa han; „Salamon!“

„Ja!“ svara han Salamon nede i stalldøri.

„Hev du byrsa di ladd?“

„Ja!“

„So kom med henne daa! — og det paa fljugande flekken!“

Og so kom han Salamon byksande med rifla si i handi.

„Kva er tiss?“

„Aa, gakk berre upp tak luka fraa smidjegluggen, so fær du sjaa!“ sa han far.

„Ja du kann berre prøva!“ skreik eg, „du kann berre prøva, torer du! . . . eg skal skamslaa deg! ... eg skal . . . aa, eg skal drepa deg, skal eg ...!“

„Aa, ditt narr,“ tok han far frami, greip meg og meinheldt meg, daa eg alt var paa spranget med ein diger staurende i lufti, — medan han Salamon steig upp, tok luka ifraa og keik inn.

„Haa haa!“ ropa han, „er det du, din rakkar! — Ja, bia no so skal du faa varme maten din, skal du!“