Side:Per Sivle - Sogor.djvu/66

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

meg. — Og so hamra eg innimillom laust baade paa det eine og andre deruppe, so dei skulde tru det var arbeid eg hadde fyre meg.

Eg torde ikkje tenkja paa korleis dette i lengdi vilde ganga; eg fekk lata kvar stund syta for seg, at eg ikkje reint skulde missa modet.

Det gjekk no alt baade godt og vel den dagen til endes. — Morgonen etter, daa eg steig inn i smidja att med ein fleskebit i lumma, fann eg hunden i god ro paa same staden.

Nei, so glad han vart daa han fekk sjaa meg, smaakvein og veifta med rova, og so blidt som han saag paa meg med dei væne brune augo sine, som no heldt paa faa liv og eld att; det var merkande han alt hadde kome seg mykje.

Jamvel den dagen frametter berga me oss fint. — Det tok alt til aa dimmast av kvelden so smaatt, og eg sat nettupp nede i stova og fekk meg nonsmaten min.

Men daa var det at ho Olina kom farande hovudstups inn og skreik at den vonde sjølv var uppe i smidja. — Det var som eg hadde fenge ei kald vatsbytta yver meg med same.

„Aa tøv!“ meinte han far.

„Aa jau, jau!“ — tuta ho — det var so sant, so sant som ho stod der ein syndar! Ho skulde upp i smidja etter is-øksi, og sat han ikkje so der under smidjebenken og glodde paa henne med tvo augo so store som talkar, so vilde ho ynskja ho ikkje kom livande av flekken!

„Ja so!“ sa han far turt og gjekk til dørar.

Fram fór eg ifraa bordet, framum honom ute i gangen, og so upp, smelte halvopne smidjedøri i.