Side:Per Sivle - Sogor.djvu/68

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


So inn med byrsa; og so small det.

Daa dei lét upp døri laag han Hall daud paa golvet innanfyre.

Eg kasta meg ned yver honom reint som ifraa meg. Eg gret, stridgret, hikkegret so eg plent heldt paa missa anden.

Han Salamon stod atved og flirde og log.

Men han far kom burt og lyfte meg — slett ikkje hardt — upp etter trøyekragen.

„Bed Gud varna deg, og bruk vitet ditt!“ sa han mykje mildare enn han var van, liksom halvt baade undren og ottefull; „for du veit daa det, det er berre ein hund!”