Side:Per Sivle - Sogor.djvu/65

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

Uhh! so eg kvakk med same! ... Men ... var det raad? ... jau, det kunde ikkje anna vera, det maatte vera han Hall som laag der!

Men nei, aa nei, som han saag ut! Han kunde ikkje eingong segjast vera skinn og bein. At beini var der, var vandelaust aa sjaa, det var ikkje so at kjøtet var til hinder; men skinnet, det var skurva i skurva og saar i saar yver heile hans kropp, slikt eg ofte hadde set det paa sauer som hadde gjenge for lenge ute og frose og svolte haustdags.

Men i same blinken var alt eg imot han hadde, gløymt som det aldri skulde ha vore. Han var atter berre den ulukkelege venen min, som eg var reidug taka meg av alt det eg evla.

Eg passa paa som eg ingen saag ute i tunet aa faa han inn i smidja; men han var so utarm at det ikkje var meir enn som so han vann kreka seg etter meg. — Yver ein aas hekk det ein gamall skinnfeld; den breidde eg under smidjebenken og lét han leggja seg paa.

Og so — ja eg fekk vaaga det, endaa hjarta hamra stygt i bringa mi — paa stabburet att etter ei rullepylsa. Og eg slapp snikkelaust fraa det og denne gongen. — Baketter stillte eg meg jamvel inn i fjóset og mjølka full ei stor svineblaasa som eg sidan tømde i ein tresko uppe i smidja.

Han fille Passupp kom rennande uppetter ut paa dagen, gøydde og bruka kjeft alt det han orka; men ja menn fekk han skyts nedatt, so han ikkje baud paa det meir!

„Nei, kva er det daa du Per hev det so annsamt med uppe i smidja i dag?“ spurde han far.

Jau ... det var daa ein kjelke eg skulde gjera