Side:Per Sivle - Sogor.djvu/64

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Sidan um hausten var det ikkje merkande til anna enn at kreturi fekk gaa i god fred for udyr. - Og hunden vart korkje høyrd eller spurd, so visst laag han longe daud einkvar staden uppe millom knausarne.

VIII.

Det var mykje til fint og mildt haustvêr me fekk det aaret. Geiterne berga seg sjølve ute til fram i desember, og sauerne med, naar eg gav dei litevetta morgon og kveld. — Ho gamle Sigrid Krokelid sa ho ikkje slik haust kunde minnast, sidan den gongen han Hans braut beinet sitt i Lønskleivi, og det var tvo aar fyrr han Sjur son deira kom til; men han Sjur var no innpaa dei tvo tjug, ikkje rettare ho hugsa.

So endeleg ein dag, paa lag tri vikor fyre jol, fekk me tjukt snjovêr, og um morgonen var det strjukande føre.

Den som var glad var eg. Ondrarne mine hekk alt longe med sine nye fotband ferdige paa nabben sin attum smidje-ramen. Eg hadde aldri fyrr fenge bisken i meg fyrr eg vassa i veg uppyver etter deim; — for smidja heime ligg, som skikken gjerne er, eit stykke fraa dei andre husi, for eldsfaaren si skuld.

Eg hadde alt fenge føterne i bandi og skulde til aa sleppa laust nedetter, daa eg fekk høyra noko liksom gnistra og jamra seg burte i ein bordhaug der laag.

Eg vart undren yver dette, steig av og gjekk burtaat og vilde sjaa kva det no kunde vera ...