Side:Per Sivle - Sogor.djvu/60

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

daa eg med eitt fekk sjaa han koma langbyksande hitetter storaakeren.

Aa, du for fagnad det vart! Eg trudde hunden skulde verta galen av berre gleda, og sjølv var eg so fegen eg hade hoppa og dansa med han.

So truga eg han til aa leggja seg medan eg stillte meg inn paa stabburet og stakk under trøya den tjukkaste og feitaste rullepylsa eg fann. Eg totte han kunde trenga til ein godbit no, stakar.

Men daa var det ulukka laga det slikt at han far gjekk framum, just som eg steig ut att.

„Kva hev du der inne aa gjera?“

„Aa ... eg ... eg skulde berre inn ... etter ein spikar,“ stama eg, — daa eg med det same hugsa paa at spikarkassa stod der inne.

„Det er vel den spikaren eg ser der under trøya di daa, kann henda?“

Eg saag nedetter meg, aa ! der stakk den fille rullepylsa fram nedanfyre trøyekanten! Eg vart so rædd med same at eg slepte henne, so ho rulla ned etter stabburstroppi og vart liggjande framfyre føterne paa han far.

„Kvar skulde du so slaa den spikaren inn?“ spurde han langt.

Eg slapp for aa svara med di at han Hall nettupp, daa kom stingande fram med novi.

„Haa haa! eg kunde mest tenkja det“ tok han far i, treiv ein stein og grytte i hunden, so han ylande og hinkrande la i laup upp etter bakkarne.

Og so vart eg gripen i luggen og leidd burt i vedhuset, og der fekk eg slik stryk at eg var saar og striput av det i fleire dagar etter. — Og so fekk eg, daa eg endeleg var slept, noko attaat som sveid