Side:Per Sivle - Sogor.djvu/61

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

mykje lenger enn all lyvjingi; og det var desse ordi av han far: „Lat meg no berre raaka deg paa tjuveveg oftare!“

Fraa lensmannen fekk me sidan høyra at hunden hadde fylgt viljugt med heim. Der var det meiningi aa halda han i band ute i tunet. Men morgonen etter hadde han slege seg reint vill, rive og slite i bandet til han kom laus; og burte var han.

Kvar han no heldt til var vandt aa vita. Eg var tvo gongjer uppetter og leita, men gjorde korkje saag eller høyrde til han.

VII.

Me buførde heim fraa stølen paa denne tidi, og buskapen var slept i heimemarki.

Og no bar det so til, at hunden, som det leid, meir og meir gjekk meg utor tankar for ein annan firføting si skuld, — eit vêrelamb eg vaaren framfyreaat hadde fenge av gudmor mi, ho gamle Ingebjørg Seim. — Det hadde endaa mist mor si, vesle kreket, daa eg fekk det og ol det frametter til det vart slept aat fjellet.

Det var mykje som vesle votten hadde kome seg um sumaren. Var han ikkje vorten slik ein lubbe, at det var reint morosamt aa sjaa! Og tvo smaae nubbar til horn hadde han fenge seg uppe i skolten, endaa det berre hadde vore som tvo erter aa kjenna der um vaaren.

Og so kjælen og kynd som han var daa! Det varde ikkje mange dagarne fyrr kjennskapen vaar var den gamle gode; berre han saag meg kom han kin-