Side:Per Sivle - Sogor.djvu/59

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Eg kjende, der eg stod, kvart ordet stinga meg i hjarta som det skulde vera syls-oddar.

„Ei ort er bodi! Ei ort! — ingen betre? ... Ein halv dalar daa, for baade skinn og skrov!“

„Ja, daa maa lensmannen vel hava han for meg!“ tok han Lars Lunde frami.

„Ein halv dalar! Tridje og siste gongen, ein halv dalar! — No slær eg!“

„Ja, slaa du“, sa han far.

Og lensmannen lyfte den litle hamaren sin. — Eg heldt det ikkje ut inne lenger, eg skunda meg til dørar; men med same eg fór yver dørstokken fekk eg det gnelle, kvasse ljodet av hamarslaget etter meg. — Eg tok foten aat høyløda, kasta meg ned, reiv og sleit i høyet, gret og skreik, banna til, som eg no aldri var van, slikt at eg mest vart fælen for meg sjølv. Eg var sinna so eg berre koka, sinna paa alle, paa lensmannen, paa han far og ... ja, eg totte no endaa Vaarherre gjerne kunde ha vore meg noko lite til hjelp, han som hadde so godt for det.

Daa let duren av ei kjerra nede paa vegen. Eg keik ut gjenom eit navarshol; — og der køyrde lensmannen, med hunden slunkande baketter kjerra, bunden etter toget til det eine stoljarnet.

Herregud, at han daa ikkje, so sterk som han var, reiv seg laus og beit og sleit deim sund alle ihop!

VI.

Men det varde ikkje lenger enn godt og vel natti yver fyrr eg hadde han hjaa meg att. Eg stod endaa attum stabburet og lødde staur um morgonen