Side:Per Sivle - Sogor.djvu/56

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

Det vart brorparten av min eigen smørkling som gjekk i han daa fyrst han far vel var ute av stova.

Det vart mi største umsut i dei fire fem vikorne som no gjekk, dette aa finna han Hall mat. Sjølv skifte eg no alltid trufast med han, jamvel fekk eg no og tigga laust eitkvart kjøtbeinet, og daa han dertil, som det leid, laut venja seg taka til takke med grauten, vart det endaa so han berga seg.

Men han var ikkje lenger den staute sjølvbyrge karen han fyrr hadde vore. Han gjekk der og drog seg som ein skugge, og lét seg lita med nokosonær alt. Sneist etter vart han jamnan av dei vaksne der paa garden; men han baud aldri paa setja upp. Han smatt berre undan og heldt seg or vegen so godt det var gjerande.

Jamvel han Passupp, den krøkja, vart smaatt um senn so modig at han vaaga seg til aa retta rova i vêret og bysta seg, naar han gjekk framum honom.

V.

Men so hev eg no aa fortelja, at um uheppa med mister Johnsen vart det same dagen han var utfyrefaren sendt bod til lensmannen. Og ein dag i vika kom stemnemennerne og skreiv upp alt som etter honom var.

Ein maanad paa lag leid; so lét lensmannen oss vita, at eignaluterne etter engelsmannen, med undantak av nokre bøker og anna smaatt som vart aa senda yver til England, skulde seljast paa ein auksjon som komande vika var tillyst heime paa Kvaale etter han gamle Hans Krokelid, husmannen vaar hadde vore.