Side:Per Sivle - Sogor.djvu/57

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


„Du fær kjøpa hunden, du Per, daa,“ sa han Salamon og lo.

„Det er daa ikkje sant, far?“ spurde eg handfallen.

„Kva slag?“

„At han Hall skal seljast um maandagen?“

„Nei, du vilde kann henda me skulde hava han gangande her paa gjestebodskost lenger, du?“ svara han. „Eller kanskje du trur det svarar rekning for gjødslehaugen si skuld?“ la han til og kaldflirde.

Eg snøgga meg paa døri so fort eg kunde. — Arme Hall! korleis skulde det so verta med honom.

Med hovudet hans i fanget mitt laag eg til fram imot kvelden uppe i urdi og gruna paa raad. Eg kjende det som det var ein heilag skyldnad eg hadde paa meg aa berga han. Men kva kunde, kva skulde eg gripa til? Ei ort og tvo og ein halv skilling var alle dei pengar eg aatte; og endaa sa han Salamon det, at tvoskillingen i grunnen ikkje var nokon tvoskilling, men av ei utanlands mynt som ikkje gjekk her hjaa oss.

Og um eg no og fekk kjøpt hunden for desse pengarne, kva hadde eg so aa føda han med! —

Eg hadde aldri fyrr visst kor vondt det er like vel aa kjenna seg kjøvd av dette aa vera for liten og for magtlaus, so hugheil viljen endaa kann vera.

Det var ikkje anna fyre, eg fekk freista med han far att, so liti von eg i grunnen hadde, og so rædd eg og var hans kalde, bitande spe. Eg laga ihop ein heil liten tale eg vilde koma med. — Og daa eg la meg um kvelden var det seinste eg gjorde aa beda so hjarteleg eg vann til Vaarherre, at han