Side:Per Sivle - Sogor.djvu/55

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

slo armarne um han og gret som eg skulde vera dengd.

Fraa den stundi heldt han seg til meg med ein truskap som var reint vedkjømeleg. Det var som han visste han no ikkje hadde nokon annan enn meg, som brydde seg um han.

Han fylgde med heim. — Daa me kom inn i stova var det som han livna upp; han flaug mot nystovedøri, gøydde og gnistra og gav seg ikkje fyrr han slapp uti. Han snusa og leita romet rundt fleire gongjer. Dermed var det liksom han seig ihop att, og so gjekk han sin veg. — Sidan baud han aldri paa koma uti nystova meir.

...„Nei, men so gjev daa stakars dyret noko aa liva av!“ sa eg.

„So laga til graut og mjølk aat han i koppen hans Passupp, du!“ svara han far.

„Men ... eg er rædd, han ikkje vil hava det!“

„Jaja, so fær han eta den maten han sjølv hev daa,“ meinte gamlen. „Der vert ikkje gjort større krus med han heretter. Men er han svolten, gjeng det nok ned.“

Mjølki var sur som brim, og den sleipe koppen lukta verre enn ille. Ikkje fyrr hadde hunden snusa til det fyrr han snudde seg ifraa og saag upp paa meg med eit augnelag som vilde han spyrja, um det kunde vera meiningi mi han skulde eta so ufysen mat. Han var ikkje van med sovore han, skulde eg tru, og vanen er vond aa venda for baade folk og fe. — Men eg hadde ikkje betre aa bjoda eg, raadlaus som eg stod, med graaten i halsen. — Endeleg prøvde han med eit par bitar, gjekk deretter burt og ringla seg ihop paa golvet ved peisen. —