Side:Per Sivle - Sogor.djvu/54

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


„Gud trøyste meg, kva er det du segjer!“ ropa ho mor, og lét grasfanget detta.

„Kvar helst, gut?“ spurde han far hardt.

„Aa.. han.. han.. datt i Helvite!“ tuta og hikka eg.

„Ja, so fær han nok i Guds namn vera der og daa, so visst som mannemagt er faafengd,“ sa han far med dirrande mæle. „Eg kunde tenkja det var noko han bala etter.“

Han og han Salamon treiv kvar sitt reip, og burtetter bar det, endaa me altfor vel maatte vita det ikkje var tenkjande paa berging eingong. — Det einaste minne um mister Johnson me der burte saag var hunden hans.

Ja, han Hall, stakar! han var reint som ifraa seg han. Gøyande og ylande flaug han att og fram nede paa stupet, gjorde ender og gong i tanande laup ein snert uppum brui, og so attende. Paa seinsten drog han seg fram paa floget, nedfyre der me fyrr hadde sete, so langt som berre han koma kunde, og laag so og stirde ende ned fyre seg i det gapande sluket. Det var ikkje raad aa faa han der ifraa, med alt det me lokka. — Ut paa kveldkanten gjekk eg dit burt med litevetta mat; men han vilde ikkje smaka biten.

Han vart verande der ved den djupe gravi aat husbonden i samfelde tri døger, og kveldarne utyver kunde me endaa like heim til Kvaale høyra omen millom fjelli av dei uhuglege yli han stundom sette i.

Men tridje dagen, daa eg fram paa eftansida kom og kalla paa han, kraup han seg endeleg frametter til meg, merkt soleis av den vonlause sorgi, at eg, hugsjuk som eg sjølv var i mitt mjuke barnehjarta,