Side:Per Sivle - Sogor.djvu/53

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Fyrstundes gjekk det so radt ein berre kunde ynskja. Men etter lenger han kom fram og upp, var det likt til at skòri vart smalare og verre aa ganga.

Smaatt um senn hadde han likevel rokke so langt at det berre var glapet, so paa lag eit byrseskot breidt, beint yver millom han og oss, so eg saag han naudende vel og kunde fylgja med augo kvart stiget han tok.

Hunden sat og stirde so augo i han glimde som berre gløder, og gav seg ille gjorde han rett som det var. Eg for meg kann segja eg var so paa livet at eg knapt torde anda.

Det var ein liten bergknatt engelsmannen laut framum, som saag ut til aa vera honom mykje til meins. Han freista baade ein og tvo gongjer, men laut jamt draga foten til seg att. — Eg vart glad daa eg saag han gjekk nokre let attende. „Gudskjelov, no skal du sjaa han snur!“ tenkte eg. Men det vart ikkje noko av med sovore, ikkje; han stod berre eit lite bil og kvilde seg liksom, gjekk so i veg aa nyo. Han trivla etter tak uppetter og nedetter knausen, leita med taatippen etter fotefeste, og tume for tume hadde han soleis drege seg fram, so eg alt trudde honom yver det verste der.

Daa med eitt ramla han laus, tok fyrst inn paa fjellet tett nedanfyre, gjorde eit par kast i lufti, og so stupte han med hovudet fyre og armarne vidt utslegne like lukt ned i myrke djupni.

Eg minnest som i ein draum at eg høyrde eit skræmelegt yl innved meg; so hugsar eg ikkje vidare, fyrr eg kom sendande heim paa slaatteteigen og skreik, at engelsmannen var faren utfyre.