Side:Per Sivle - Sogor.djvu/52

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

djupet millom Jorbergnuten i nord og Teigsstupet i sør.

Og namnet kann for so vidt høva og, som der i manns minne er fare baade folk og fe derned, men endaa ikkje beinet kome fram att i dagsens ljos, minder det daa skulde vera at Jorbergelvi som fysser derigjenom, bar einkvar molen ut med seg i det vaate fanget sitt.

Burtetter denne skòri var det engelsmannen so hadde sett seg i hausen aa naa fram til holet. Han laag i samfulle tvo dagar og keik i kikaren sin framfyreaat til aa merkja seg ut vegen han hadde aa ganga.

„Bed deg Gud til hjelp, og vis den freistande djevel fraa deg, menneskje!“ sa han far. „Men hev han so stor magt yver deg at du situpp lyt gjera av med deg, so gakk heller stad byks utfyre med same.“

Men engelsmannen vilde det han vilde, han. Og ein speglande fin morgon, tvo maanader paa lag etter han var hitkomen, tok me i veg.

Eg og hunden fylgde so langt som fram paa Teigsstupet; der skulde me vera att, me.

Men var det ikkje plent som hunden skulde ha ottast for ei ulukka! Han pla no alltid roa seg hjaa meg; men den dagen vilde han ikkje slaa seg til tols. Han kraup burt til føterne aat husbonden sin, dilla med rova, saag upp paa han og kvein so det var reint grøtelegt; der maatte endaa mynduge ord til fyrr han vilde lita.

So gjekk mister Johnson uppum fossen og yver brui han, starta seg uppetter berget til han naadde tverskòri, og tok so paa føta seg tverbergs hitetter nuten.