Side:Per Sivle - Sogor.djvu/51

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

der i denne nuten eit trillande rundt stort hol inn igjenom berget, og der, segjer segni, held ein drake hus.

So langt folk kann minnast attende hev berre tvo menne vore uppe i dette holet, og det var endaa han Hans Kvaale, farbror min, og so han Ola Teigen, sonen paa grannegarden. Dei kom ifraa det med livet baae tvo; men han farbror sa ofte det, at so rædd som den gongen hadde han aldri vore korkje fyrr eller sidan. Og han meinte paa di, det hadde fulla gjenge deim verre enn ille, um han ikkje i verste naudi paa nedvegen hadde lova tvo geitebrimostar og ein saueskrott til dei fatige, so sant Vaarherre lét deim koma heilskapa ned att.

Um drakehíet kunde han ikkje større segja, enn at det saag ut til aa gaa myrke berget stadbeint inn igjenom; men dei hadde ikkje ljos med, og torde ikkje gaa lenger enn dei hadde ljosken av dagsskimten.

Dette drakeholet i Jorbergnuten hadde mister Johnson gjenge og teke sigte paa like fraa han til bygdi kom. Ein gong prøvde han paa gaa upp der han farbror og teigsguten hadde gjenge. Men der laut han snu paa halv veg; for ei steinskrida hadde aaret framfyreaat teke med seg alt som til fotfeste brukande var.

So var det daa at ulukka vilde han skulde faa auga paa ei smal skòr, som dreg seg som ein myrk traad upp og fram tvers yver den nutveggen som vender mot Hallvardsreppen, og endaa heilt um paa den andre sida burtimot der drakeholet er.

Men midt under denne tverskòri, djupt, djupt nede, er det „Helvite“ ligg, — for det er namnet me der heime hev paa det tronge, forfælande braa-