Side:Per Sivle - Sogor.djvu/48

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

ein gamall taterfant, som kom raklande hitetter med sekken paa ryggen. Fantekroken bad um tobak han, og det fekk han, og endaa ein dugeleg dram attaat. Han var ikkje so spar paa sovore, mister Johnson. Men kor det no bar til, nok er det, han fann paa taka upp tvo, eller det var tri dalarsetlar, som han baud gamlen, um han vilde dansa spildrende naken paa ei snøfonn der laag. — Og taterfanten so gjorde, han, kasta av seg fillorne sine og hoppa og krukte seg ei stund so godt han kunde, stakar, med snøen under dei berre føterne sine; medan stod engelsmannen so aalvorsam som han var i kyrkja og rita honom av i boki si.

Eg kom snart til aa verta som ein tenar eller ei fullmegt hjaa mister Johnson, eg. Eg sprang ærender for han, gjekk paa posthuset og so burtetter; fylgde han gjorde eg og som tidast.

Og ikkje at eg skulde hava meinlika for det, trur eg! Pengar fekk eg av han rett som det var, bilæte og god mat og, so det var reint høgtid for meg no frametter.

Det var ingen faare um han far baud paa smyrja meg upp heller, naar engelsmannen var heime; eg flaug berre uti til honom daa, og so var eg berga.

Mest til kvar einaste dag var mister Johnson ute og flaug og kleiv i berg og nutar. Og der er no endaa nøgdi av sovore heime, skulde eg tru; ein skal hava vondt for aa sjaa so ville og sundrivne fjell som der. Og ja menn var han mykje verre enn den verste berggeiti. Det var reint umogelegt aa tru det farande for folkefot der han klødde seg fram. Han saag ikkje faaren fyre seg, kor det saag ut.