Side:Per Sivle - Sogor.djvu/49

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


„Aa ja, han gjev seg ikkje fyrr han fær slege seg i hel,“ sa folk i grendi.

No var eg, um eg sjølv skal segja det, ein rask, urædd gut. Nokolunde kjend var eg og der i heimfjelli; der hadde eg fare um etter sauer og geiter eller etter kraakegull og sisselrot baade tidt og traatt; so engelsmannen jamnaste ikkje brydde seg um aa hava nokon annan med seg enn meg.

Men det stod hardt fyrr eg fekk lov av ho mor til aa vera med paa desse agelause ferderne. Eg maatte lova baade med hand og munn at eg skulde sjaa meg vel fyre, og ikkje ganga etter der det var faarlegt.

Og mister Johnson var svært so rædd um meg han og, soleis. Bar det paa livet laust, fekk eg aldri lov vera med, men maatte vera att einkvar staden med hunden og nisteskreppa. Det kunde daa vara mest heile dagen fyrr me saag likt til han att.

I desse stunderne var det den trufaste venskapen millom meg og han Hall kom upp. Me laag no og skjegla heller framandt til kvarandre fyrstundes; men daa me vel baae tvo fann dette hardla stusslegt i lengdi, maatte me noko finna paa, vilde me faa tidi til aa ganga.

Og endaa so vyrdsam og gamalklok i all si ferd hunden var naar husbonden var til stades, vart det snart ingen ende paa alt det løglege han kunde hitta paa, naar me var paa tvomannshand soleis. Han bykste gøyande etter dei steinar og paakar eg kasta, flaug ender og daa uppetter meg, la labbarne paa akslerne mine, og so bar det i tak med oss so me rulla koll i koll burtetter. — Men vaar beste moro