Side:Per Sivle - Sogor.djvu/47

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

honom, fyrr han krøkte rygg og pilta smaaknurrande burtetter med rova millom bakføterne.

Me hadde i fyrstningi ottast mykje for det vilde verta so paa lag umogelegt for engelsmannen og oss aa skyna kvarandre. Men det gjekk ikkje so ille med dette endaa. Det var reint utrulegt som han vann greida seg med fakter og minor, og som det leid kom han no etter mangt av maalet vaart og.

Han var i det heile ein snild og godlynd mann, denne mister Johnson, endaa so vimen han var. For maken til skruv skulde du aldri ha set, naar ridi kom paa honom; han kunde bera seg daa som var han rispande galen og vel so det. Soleis andre sundagen etter han var komen. Dreg han so paa seg sundagsbunaden som enno hekk etter han godfar, og gjev seg paa kyrkjeveg i raudluva, kvit grønkanta vampe, raud vest, gul skinnbrok og sylvspente skor, jamvel med piggstaven hans godfar i handi.

Det var vel bisning paa kyrkjebakken, skulde eg tru, daa han soleis budd, høg og stiv, steig fram millom aalmugen.

Ein dag hadde han vore ute paa veiding, men ikkje funne livende aa løysa skot paa. Kom han so paa heimvegen nede i lidi frampaa den staute gjeldbukken hans Ola, lauskaren vaar. Og dermed so klemde mister Johnson til, han, og skaut so bukken trilla daud nedetter. — Aa ja, ikkje for di at han Ola tapte paa det; bukken vart nok bøtt, skulde eg meina.

Eg gløymer aldri eit spikk han gjorde daa eg ein gong ein solvarm sumardag var med han uppe i Stølsfjellet. Best som det var raakar me der frampaa