Side:Per Sivle - Sogor.djvu/45

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

upp, greip til sida der kniven hekk, og steig fram fraa bordet.

„Aa Gud betre meg, no skal du sjaa han stel sylvskeierne mine!“ tutra ho mor.

Men daa kjem villtysket i det same inn att, dreg upp setleboki si og legg ein tidalarsetel burt i vindauga framfyre han far. Og so peika han mot nystova og nikka og log att so det var ikkje anna aa tru enn han maatte vera komen beint fraa galehuset.

Samstundes køyrde der ei kjerra upp fyre døri, og han Lars Haugen, skytsmannen nede i dalen, steig inn.

„Goddag i huset og takk for sist!“ helsa han. „Eg ser fanten er alt fyrekomen,“ sa han; „han klufta ifraa meg nede i bakkarne, daa eg peika det var hit me skulde.“

„Goddag og sjølv takk for sist“ sa han far. „Men er det du, Lars, som er ute og fer med jolebukk no ved jonsoktider?“

„Ja, du maa so segja,“ svara han Lars. „Skræmde han ikkje mest vitet av baade kjerring og born heime hjaa meg daa han kom der i dag med skrubben sin! — Han hadde med seg brev til meg fraa futen Thorsen paa Eide. Futen skriv det er ein engelsmann som skal vera her sumaren frametter og fljuga um i fjelli, kva no det skal vera godt for! So bed han meg finna honom husrom, og so tenkte eg kann henda du Torstein kunde hava raad med di. — Pengar hev han flust av, skriv futen, so du fær deg godt betala.“

Ho mor var no ikkje vidare moda paa hava korkje fanten eller skrubben hans i husi sine. Men kor som var, so vart det no so paa resten, dei