Side:Per Sivle - Sogor.djvu/44

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Trollet tottest meg vera likso stort som ei liti kviga; det var brungult paa lit, med noko myrkare ragg framme paa halsen, og so hadde det ein kjeft med slik ein tanngard, som det stod der og teva og hengde med tunga, at det maatte kunna tyggja ein slipestein.

Eg var viss paa det ikkje mindre kunde vera enn ei løva, ein tigerkatt eller eit anna av dei glupande udyri eg just hadde lese um i „Jagthistorier fra Afrika“, som i dei dagar fylgde med „Almuevennen“, og eg venta meg ikkje betre enn at me paa raude rappen skulde verta sundrivne og uppetne alle ihop.

Men so gale gjekk det no ikkje heller, og daa eg saag rakken for det fyrste vart standande der han stod, krøkte eg meg upp under kraaskaapet, og slo meg til tols so godt eg kunde.

Medan so hadde han, reklet, stroke hatten av hovudet og sjøkla fram yver golvet.

Han far var den som fyrst fekk maalet upp. „Kvar er denne karen ifraa daa?“ spurde han.

Men der var ikkje meining skapt i det som spøkjelset svara, det let som berre „viski vaski ruski raski“, alt saman. Og so log han og riste paa hovudet og bar seg so eg ikkje kunde halda meg fraa aa læ, endaa so rædd som eg var.

„Aa snakka ditt morsmaal, kar, og statt ikkje so og skapa deg!“ meinte han Salamon.

Men fanten lest aldri høyra, han, gjeng fyrst burt og glytter inn i kleven, snur seg so mot nystova; der gjeng han inn, med det store gule ubeistet labbande etter seg.

„Kva er daa dette for noko,“ fór no han far