Side:Per Sivle - Sogor.djvu/46

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

skulde faa lov til aa vera. „Pengar er pengar, og tent er tent,“ sa han far, han hadde det ordtøket.

Og soleis gjekk det til at „mister Johnson“, som engelsmannen namngav seg, eller „meistaren“, som han snart vart heitande i bygdi, kom til aa bu i nystova, baade han og hunden hans. — For det var no ikkje lenge fyrr eg forstod so mykje, at beistet likevel berre var ein hund, og det endaa ein snild hund, som ikkje baud paa vera nokon til meinka.

III.

Men den hunden, det var han Hall som eg tala um, „master Hall“, som husbonden hans jamt kalla han.

Ja, det var mykje til greidor med den velsigna hunden. Eg kann just ikkje segja ho mor vart vidare blid daa ho saag engelsmannen gav honom av den beste mat paa bordet fanst, og lét honom eta or ein av hennar finaste talkar. Men daa han so tok det gildaste tæpet hennar, ei brudegaava fraa mor si eigi syster, og lét hunden reida seg bol paa, gjorde ho baade gret og let, og det var ikkje meir enn so mister Johnson vann bøta skaden med ein femdalarslapp.

Han Passupp vart noko som ein avsett lensmannsdreng han, stakar, fraa den tidi han Hall kom i huset. Det var med naudi han ender og daa vaaga seg inn i stova til aa faa maten sin, so trygg og heimekomen han der hadde vore. Og aldri fyrr fekk han auga paa den gule engelske storkaren, som truleg var altfor storlaaten til aa bry seg vidare um