Side:Per Sivle - Sogor.djvu/37

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

like god som ny. Naar eg no bad meg lov gjeva den vesten til han vesle Mons Bakken — han hadde korkje far eller mor, han stakar! — tru ikkje det vilde gjera god mun? — medan eg tenkte med sjølve meg, at knapparne kunde eg daa likevel spretta utor.

Nei, det vilde ikkje bata dusti det, let han; alt eller inkjevetta det var kravet, og det var ikkje aa rikka. — Tok han so upp or frakkelumma ei rund hardla høg massing-øskja, gav seg til aa skruva loket ifraa; ho var paa lag til helvti full av koparpengar, og dei skulde vera — fortalde han — „til en skole for de arme smaa sorte hedningebørn, som springer nøgne omkring og spiser hinanden der nede i Zululandet“. — Um eg no slepte triskillingen nedi der? — — so kunde han og fortelja andre born der han fór fram kva den vesle guten hadde gjort for dei stakars heidningarne.

Dette var just aa taka meg paa meinaste stellet; naar eg so og samstundes kom so vel inn i det med Vaarherre, — — ja, daa fekk det ikkje hjelpa, eg laut lata staa til!

Men ja menn vart det meg likevel ei tung gonga uppetter til trepikkar-holet; og eg kjende det som vilde føterne ikkje flytja seg under meg daa eg endeleg var paa nedvegen. Stana gjorde eg rett som det var, saag paa skillingen, blenkte han paa trøyeermi, og var fleire gongjer iferd med aa snu. — Men so tok eg meg saman, gjekk med støde stig beint inn til preikaren, snudde andlitet ifraa — — — og straks etter høyrde eg triskillingen fara klingrande ned i penge-øskja.

— Men det kann vel vera at eg kjende meg