Side:Per Sivle - Sogor.djvu/38

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

byrg og heppen no naar det fyrst var gjort! Eg totte eg hadde stridt den gode strid og vunne siger, og eg er rædd at hadde nokon av granne-gutungarne den kvelden neita meg retten til gudsriket, vilde der vanka all den stryk eg kunde gjeva.

Eg gav meg ikkje fyrr eg fekk lov vera sengjefelag med preikaren um natti; eg totte det kunde høva det, etter som no han var eit guds-menne han og. — Og snart sov eg den rettvise sin svevn.

— Fram i graalysingi vakna eg med ei usæl kjensla av at nokon heldt paa strypa meg. — Preikaren, han laag sov og raut som du skulde høyrt ei kaffikvern.

Daa med eitt datt det yver meg med ei forfælande tyngd at triskillingen ikkje var min lenger!

Nok freista eg med same leita fram att dei grunnar som igaarkveld hadde so stort eit evle; nei, det vart som aa gripa i røyk det.

Det rann meg i minne alt eg hadde sett inn paa den eigneluten; — og no! — — at eg daa kunde vera slik ein braavim!

— Øskja stod der straks framfyre meg paa fote-fjøli og blinka; — — der var han!

— — Naar berre eg torde! — — For det var no ikkje sagt mannen med snøggaste fann paa sjaa etter, eller um so skulde henda, daa illetru meg; — so sagte kom han til aa fara kring skrøyta av meg plent like godt.

— Og Vaarherre, som var so god, so god, vilde nok sleppa meg inn til seg kor som var, naar eg angra hjarteleg etterpaa og var snild og lydug gut.

— Elles kunde ingen vita kven han var for ein denne framandkaren. Kann henda naar alt kom