Side:Per Sivle - Sogor.djvu/36

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Las han upp or ei bok og orda vidare ut um kor øgjeleg det stod til der ute hjaa heidningarne, og kor naudturvelegt det var aa koma deim til hjelp, som heldt paa stræva og kava med aa kveikja ljos i dette forfælande myrkret.

— Der var, daa han slutta, snaudt nok eit turt auga inne i stova; og som han so lét hatten gaa ikring, tok baade den eine og den andre til aa leita pungen fram or lumma.

— Eg for meg veit at ikkje ordet av heile tala gjekk meg i miss der eg sat paa vesle krakken min beint nedan stabben, og kløkt i hugen var eg so visst som nokon.

— Fram paa kvelden høvde det seg so at preikaren og eg kom til aa prata.

„Elsker du Jesus du, gutten min?“ sa han.

— — Jau — — eg gjorde nok det.

— Ja, for Jesus var so snild han, og heldt vissa so mykje utav alle dei smaae.

Eg kunde no segja ifraa eg, at eg hadde fem brøder deruppe hjaa honom.

— Um so ikkje eg og hadde hug koma der? — For han vilde vona der enno ikkje var noko som heldt mitt hjarta burte fraa Jesus.

Men kor han kom til aa venda og snu, nok er det, han fekk endeleg vita at eg hadde slik ein makelaus triskilling som var meg so serlaga kjær.

Ja, den laut eg segja meg laus fraa; for yver dørstokken i gudsriket kom ingen med framande gudar i hjarta.

Eg spurde handfallen um mindre ikkje kunde gjera det. Eg hadde ein sliten vest, som var vorten meg heller liten og; men eine lumma var enno plent