Side:Per Sivle - Sogor.djvu/35

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

til aa sankast inne i stova, sessa seg paa benkjer og i sengjer og kvar dei elles kunde koma til.

Store hoggestabben vaar vart rulla inn burt paa golvet; det var preikestolen.

Det byrja med at framandkaren gav bod slaa upp ein salme; daa so den var sungen, steig han paa stabben tok til aa leggja ut.

Og ja menn var det gut som fekk røysti upp, daa! Det var som det berre dirra og ylte gjenom stova medan han mana fram det heite helvitet, kor grysjelegt dei ufrelste sjælerne hadde det der, kor diplegt dei skar tenner, banna og skreik naar djevelen og englarne hans slo klørne i deim og duppa deim ned i brennande svaavel-sjøen, so blaabrandute logarne skola og skvatt.

Men med eitt var han so mjuk og mild i maalet daa han tok til aa fortelja um Vaarherre i himmeriket kor god han var, kor ovleg dei sæle vart fagna hjaa honom uppe i den ljose staden med gator av gull; der gjekk dei ikring i lange kvite klæde, med gullkruna paa hovudet og palmegreiner i henderne, medan den eine gudsengelen fagrare enn den andre fauk til og ifraa, leikande paa gullharpa og syngjande den nye songen um lambet som var slagta.

Og no vilde han beda oss kvar og ein velja, anten me vilde høyra heime der nede eller der uppe, naar tidi kom at det vart aa segja farvel til denne jordhytta her.

Men det laut me vel hugsa paa, at berre den fekk ervelut med Kristus som skipa seg etter bodi hans; og no var dette Kristi klaare bodord til oss: aa leida dei arme heidningar ut or villa og attende „til hans hjord og sande faaresti“.