Side:Per Sivle - Sogor.djvu/34

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


„Jo,“ svara han gamle Lars, „en bøling er de same som en samling af kvæg.“

No, eg hadde daa svara so serlaga glupt. Og bispen strauk meg yver haaret med den turre skjelvande handi si; „det var kvik flink gut!“ sa han. — Men daa kann det vel henda eg voks der eg stod, eg og!

*

Nei, at eg no kann faa fat att i rette traaden i soga mi, so var det dette eg vilde fortelja, at naar me gjekk ut or kyrkja kom der ein framand mann stad helsa paa han far. Klædd var han halvt som bonde og halvt som byfant, hadde brillor paa flate nosi med den uppetter-bretta tippen, og det tunne raude skjegget hekk langt nedyver bringa paa han.

„Er det han Torstein Kvaale?“ sa han laagvore og langdrege.

Jau, det var daa det.

„Og mit navn er missions-emissær Anton Samuelsen fra Ryfylke.“

„Det kann raaka det ja,“ svara han far.

Ja, han reiste kring sanka studnad til missjonen nede i Zululandet. Han skulde i kveld halda samling paa Uppheim, garden der kyrkja ligg; men so var det dette um han ikkje maatte faa lov gjera det same kvelden etter heime hjaa oss?

Aa jau, der fekk verta ei raad med di, meinte han far, lova og paa likaste maaten gjera det kunnigt der i heimreppen, og tok endaa skreppa hans med i kjerra daa me sidan køyrde heimatt.

— Fram paa sundags eftan kom karen reikande. Og etter som det leid tok folket fraa grannegardarne