Side:Per Sivle - Sogor.djvu/16

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

sidan fann paa balla han vel inn i ei filla, som eg so gøymde i taai paa ein gamall sko ute i gangen. Endaa truleg maa eg vel ha tenkt, at seinast vilde nokon finna paa leita der.

— Jau, so la me oss daa. — Skulemeisteren var sagte trøytt, for han sovna med same, han.

Men for fyrste gongen i livet heldt umsuti for dei ting som høyrer denne verdi til, augo mine opne; — eg laag tenkte paa triskillingen. Det rann meg i minne ein lang fæl fant med ein stor sekk paa ryggen som hadde vore der um dagen, og som nok kunde vera truande til noko av kvart. Kva han var god til aa nasa upp, og kvar han no heldt til — det kunde ingen vita! — So tok hunden og katten paa aa slaast ute i gangen, og halda eit syndeleven med alt som der laust laag. — Eg stod ikkje i det lenger, eg laut upp og ut. — Skillingen fann eg vel berga der eg hadde lagt han; men til aa vera heiltupp trygg tok eg han med inn og under hovudputa. — Og so endeleg sovna eg.

— Det var langt fram paa dag daa eg vakna morgonen etter; — skulemeisteren var alt upprisen han. — Fyrste tanken min gjekk til triskillingen; — og hovudputa upp. — — — Kva? — — — kvaslag? — — — han var der ikkje?! — — — Eg kjende som hjarta mitt stoppa og so hamra laust att som skulde bringa sprikka, medan kaldt og heitt gjekk i elingar nedyver meg. — Og tru no nokon kann gissa kva ein djevel so kom og mulla meg i øyra? — jau, ikkje noko korkje galnare eller vitugare enn at skulemeisteren var tjuv.

Eg skunda meg straks syna freistaren vintervegen; men han var ikkje bljug, han kom att han.