Side:Per Sivle - Sogor.djvu/17

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

Fekk han meg so til aa trætta med seg, finna fram alle dei grunnar imot som eg berre var kar hitta paa. — Men daa varde det heller ikkje lenge fyrr han heiltupp hadde meg i lumma si. Det var ikkje aa beda for anna, skulemeisteren laut og laut vera tjuven. — For — kvar hinn! — kunde elles skillingen vera stadkomen? — Og kvifor var han just i dag so tidleg uppe, gamlingen? — han var no ikkje van vera morgonfugl, visste eg. Huhh, so det var grusjelegt! Eg hadde enno aldri kjent kor ilt duld styggetru kann gnaga; og no var det endaa-til min eigen kjære gamle skulemeister som den vonde i løyndetanken beit seg tak i.

— Eg var no so ung eg enno at eg ikkje for den skuld turvte møta for bispen; men dei hadde skipa det so at eg likevel skulde.

Fram paa dagen vart det skule, og det var ute i nystova.

Stillvore og trufast gjorde skulemeisteren fyrst ei liti bøn; endaa eg totte han kremta seg fyrr han tok til, meir enn han var van.

So song me eit salmevers; — og eg var kje viss um daa at han ikkje skolv noko underleg i maalet.

Sidan tok me fat paa katekisma.

— — — „Kann du, Sjur Hagen, lesa meg det syvende bud?“ raaka skulemeisteren til aa spyrja.

— Det fór igjenom meg, og eg kjende kor eg raudna heilt upp i øyro daa eg endeleg tok meg ihop og saag honom inn i andlitet. — Tru ikkje samvitet no skulde slaa han? — Nei, det var ikkje noko merkande til dess, ikkje; dei klaare augo hans skein meg imote igjenom brilleglasi so rolege og blidlege som nokosinne. — — — Var det raad at