Side:Per Sivle - Sogor.djvu/15

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

vel turvte koma der kjøpa saapa! — Han vilde gjerne supa litevetta naar det raaka vera tilhøve; men fyrst han fekk noko i hovudet vart han no so makelaust lentug, daa, at han fekk det til aa vera berre moro og løgje alt ihop. — Det var gode halvhundrad aar no sidan han tok til aa vera skulemeister og klokkar; so flestalle der i bygdi hadde vore skuleborni hans. Og heldt utav han gjorde dei kvar han kom; det vart høgtid i huset naar han gamle Lars, skulemeisteren, synte seg i døri.

Eg for meg var no so reint framifraa gode venen hans, eg. Naar skulen var heime hjaa oss, var det ikkje raad for anna enn at me skulde liggja i same sengi um natti me tvo. Og so forviten og snak etter alt han kunde fortelja var eg, at endaa so svevnkjær eg var elles um kveldarne kunde eg liggja ljos vaken lyda etter til langt frampaa, naar han laag røykte paa pipa si og svalla og svalla. Og ikkje min eigen far jamvel hadde eg so hugheil ei tru til som til han Lars.

— Ja, so kom daa kvelden — men samstundes og ei ny møda; for no stod det um inkje mindre enn eit gøymsle der eg ottelaust torde lata triskillingen vera natti yver.

Fyrst la eg han i ei liti øskja som eg sette burt i kraaskaapet, innanfyre den store blome-maala lummeflaska hans far, — for eg visste at nokon kvar der i huset tok seg vare koma næmare enn dei turvte innaat henne. — Nei, so dugde ikkje det! — Kleiv eg upp paa kleve-loftet, sette han i ei veggjesprunga inst i myrke kraai attum peispipa. Aa nei! — det varde ikkje lenge fyrr eg atter tok han til meg. — Men eg skynar ikkje kor det bar til at eg