Side:Per Sivle - Sogor.djvu/101

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
HJELPELAUS
I.
N

aar eg ligg um natti og ikkje fær sova, daa er det at minni kjem paa vitjing.

Eit etter eit kjem dei strjukande framum det vindauga sjæli mi hev ut mot den tidi som hev vore.

Og eg kjenner deim so vel, deim med ange av skog og dur av foss, deim med eim av tobak og surr av staakande hopar, her eit læte og der eit likan, — kjenner deim so naudende vel alle saman, nokre endaa berre altfor vel.

Men ender og gong hender det, at so den og so dette av det lettføtte fylgjet stoggar i laupet, sviv til, og helsar gjenom ruta.

Det er sume som eg daa retter armarne til velkoma, med bøn aa bia di lenger di betre. Og det er andre som eg høyrer og ser nett like godt, traass alt eg gøymer augo og øyro inn-under puta.

— No her i natt var det vissa nokre kjenningar eg longe hadde gløymt som stana utanfyre og glytte inn. Det var tri par augo.

Og desse tri augnepari er det som i dag manar meg til aa fortelja denne soga.