Side:Per Sivle - Sogor.djvu/102

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
II.

Den sumaren eg gjekk for presten laga det seg so at eg fekk meg ei byrsa.

Han Per Seim, trimenningen min, skulde fara til Amerika. Fyrr han strauk kom han hit til Kvaale bad velliva, og daa hadde han vesle hagla si med; henne skulde eg hava til eit minne, sa han.

— Endaa same kvelden laut han Salamon læra meg lada og taka sigte. Og fyrr det vart myrkt hadde eg alt sett inn den eine hagldriva jamsides den andre smidjeveggen burtyver.

— Dagen etter var det sundag. — Det var ikkje til aa halda ut so leid og keid vart den lange preika han far las upp or gamle huspostillen hans Jesper Brockmann; byrsa leika meg i tanken heile tidi.

Og daa eg vel hadde dugurden i meg var eg ikkje sein taka byrsa og leggja vegen uppetter lidi.

Eg hadde so hugheil ei von, at mindre enn ein rev kom eg ikkje heimatt med. Ja, kven kunde vita, — kann henda raaka eg fram paa bamsen sjølv so eg fekk gjeva honom eit skot inn i øyra. Det var soleis han gjorde det, guten uppe i Nordland som det stod lesa i bladet um.

Eg skal lova eg bruka baade øyro og augo der eg gjekk.

Eg jaga upp ei kraaka. Men henne var eg for storfelt til aa bry meg vidare um.

Høgt uppe saag eg ørnen sigla paa sine breide vengjer i krins kring nuten, der han hadde reiret sitt, — trygg i verdi si eigi, dit mannemagt rakk ikkje.