Side:Per Sivle - Sogor.djvu/100

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

broki, sokkarne og styvlarne hans paa vatnet, — skratta daa so guten paa eit hengjande haar var reidug gjeva meg smurning, meg og, — skratta og rulla meg og rulla meg og skratta. — Og endaa daa eg sidan laag heime i sengi mi frampaa natti vart det ender og gong ved nykkja og klukka i meg, traass eg var saar i magen som ein kaun.

— Han Ola var paa heimvegen eitrende vond og gav ilt fraa seg, banna baade atterdøyparen og meg og heile hurven, so det berre loga.

— Men naar vegarne skildest, og eg sidan for ruslande aaleine i sumarskvelden millom bjørkerne i Kvaalshagen, daa vart eg tak um bil standande lyda kor fagert det lét naar sysvorti song. — Det var som eg ikkje fyrr hadde høyrt henne det aaret.

————————