Side:Per Sivle - Sogor.djvu/99

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Kvifor det?

Jau — — han han var fjortan dagar eldre, han! — Eg fann ikkje i snøggvenda nokon likare grunn.

No ja, tok so han Ola til aa klæda av seg utan aa mæla ordet, berre glanande munnopen framfyre seg, reint som trollfjetra.

— Klokkesmeden skilde seg av med nedre plaggi sine, tok guten i handi, og dei vassa fine sandbotnen utetter til vatnet naadde dei ein stubbe ovan kneet.

So vart han Ola duppa fyrste rappet.

Han hiksta stygt etter anden daa han kom upp att, og var heller stiv i ryggen som han andre gongen vart duppa.

Men daa han skulde hava den tridje duppen, starta han traass imot.

Døyparen paa si sida — brennande i aandi som han sagte var — tok paa røyna; og daa ikkje anna vilde bata, slo han krok so guten kom veggjande vidopen ned i vatnet.

Men aldri fyrr var han Ola paa fot att fyrr han flaug beint bust i bringa paa atterdøyparen; og augneblinken etter bar det i koll med dei baae tvo.

Nei, daa eg so saag skitne pulderen slaa saman yver deim, daa ramla eg laus i ei lægjing so eg vart liggjande krøkja meg paa bakken.

Eg skratta som skulde eg kovna daa dei reis og vassa i land, skratta daa klokkesmeden — silande vaat som ein hund i regnvær — tok til aa bannlysa yver oss, skratta daa han Sjur-Ola — som var iferd med aa klæda seg paa — i berre skjorta flaug upp jaga honom inn igjenom skogen og so heiv